Det er mye revevalpar å sjå på naturfotografane sine bloggar for tida. Så då fikk eg lyst å vise nokre bilde eg og. Dei er riktig så gamle, fotografert på ExtraFilm Crome 100 med favoritten Olympus OM2 i 1988.
Staden var nordaust for Litlos på Hardagervidda. Det var tid for mat og eg satt meg ned ved nokre store flyttblokker. Der lukta det ikkje godt. Då eg undersøkte dette nærare var det ikkje tvil om kva eg hadde dumpa borti. Ein revevalp låg å sov.....
Bilda og historia bak er sidan den gong vist og fortald til 15-20 000 sjette til niandeklasse elevar. Og kvar gong den sovande reven dukkar opp på lerretet er reaksjonen den same: - Åååååå, så søt. Reaksjonen på det påfølgande bilde då reven vakna pga av kameraklikket er like fast: Humrande latter.
Eg kan nok trygt seie at desse bilda er dei eg har fått mest positiv respons på. Om dei i dag fotografisk sett held mål, er ei heilt anna sak.