SuldalFoto er kåra til årets Suldalsambassadør 2016. Tusen takk til juryen og dei som nominerte oss. Me vonar å fortsatt levere kortreiste bilder frå det fantastiske Skattkammeret Suldal i lange tider framover.
Juryen sine kommentarar:
"Årets Suldalsambassadør 2016 drysser si begeistring og lidenskap for Suldals naturen ut over eit stort publikum, og har i fleire samanhengar mottatt heider og ære for si formidling og tolking av det me alle har rett utanfor stovedøra.
Juryen meiner at Årets Suldalsambassadør – eller ambassadørar – gir publikum minnerike og eksklusive naturopplevingar gjennom sine kortreiste bilete. Opplevingane er som skattar, og dei kan opplevast igjen og igjen med stadig nye inntrykk. Og det beste av alt – dei er berre eit lite klikk unna.
Dei tre som til saman er Årets Suldalsambassadør 2016 er like eksklusive som bileta dei tar, og viser eit engasjement og stoltheit for Suldalsnaturen som blir formidla langt ut over Suldal sine grenser."