Fotokonkurranse og "Vilt vakkert vær"

December 14, 2009  •  Leave a Comment
Denne boka ligg nok under mange juletre i år. Nordmenn er som kjent opptatt av vêret. Tekstane omhandlar ulike vêrfenomen som lavtrykk, skyer, lyn, fargar, nordlys, vêrtegn, turvêr med meir. Forfattarane ønskjer å gi lesaren ny kunnskap om vêret. For som redaktør Siri Kalvik skriv: "Jo mer du kan om været, dess mer vil det forundre deg og gi deg glede".

Det spesielle med boka er at utgangspunktet er ein fotokonkurranse. Storm og TV2 har kvar dag sidan starten i 2004 gitt fotoglade tv-tittarar ulike vêrtema å bryne seg på. Kvar kveld har så meteorologane, etter å ha presentert det kommande vêret, vist oss dagens vinnande vêrbilde. Og det er eit utval av dei beste som er nytta i denne boka.

Bilda har fått god plass og er av høg kvalitet slik eg ser det. Boka er ein hyllest til vêret og dermed til norsk natur. Her er mykje landskapsbilde, men og skildringar av vêret gjennom t.d. flora og folks kvardagsliv.

Boka kan samanliknast med dei mange praktbøkene som omhandlar norsk natur eller naturfoto. Det spesielle her er at det ikkje står NN (Norske naturfotografar), Biofoto eller Samfoto bak namnet til fotografen. Riktig nok kjenner me igjen fotografar som bl a Jan Magnus Reneflot, Stig Tronvold og Helge Sunde. Dette er anerkjende og prisvinnande fotografar som har vist gode vêrbilde i bøker, kalendrar og magasin i mange år. I all hovudsak er dei aller fleste vêrfotografane likevel ukjende. Dette viser at konkurransen famnar bredt. I boka blir det da også oppgitt at juryen har vurdert 320 000 bilde på desse åra. Rekorden innsendte bilde på ein dag er 1500. Imponerande.

Bildet under var eit vinnarbilde i februar i år og er mitt bidrag i boka.
Boka er redigert av Siri Kalvik og utgitt av Cappelen Damm.

Meir om konkurransen (Storm).
Meir om boka (Cappelen Damm).

Mykje vêr



Comments

No comments posted.
Loading...

Velkommen til vår blogg. Her har det blitt posta innlegg jamnleg sidan 2008. Bruk gjerne søkfunksjonen for å finne det du er mest interesert å sjå og lese om :-)
Subscribe
RSS
Archive
January February March April May June (1) July (1) August September October November December
January February March April May June July August September October November December
January February March April May (1) June July August September October November December
January February March April May June July August September October November December
January February March April May June July August September October November December
January February March April May June July August September October November December
January February March April May June July August September October November December