Den tida igjen..

June 22, 2013  •  Leave a Comment

Laks viser ryggen i Karihåla, Etneelva.Laks i Etneelva

Eg var ein tur i Etne i går og henta noko isopor til ein kunde. Sjølvsagt kunne eg ikkje køyre tilbake igjen før eg hadde hatt ein tur langs elva. Denne laksen viste ryggen i sone 1 nederst i elva. Ein fin mellomlaks skulle eg tippe. Medan eg sat der kunne eg og sjå fleire laksar som ploga seg inn i hølen på brekket.

Eg har ikkje fiska i Etne sidan 2007, og då eg sat der i går kjende eg på heile meg at det var altfor lenge sidan. Suldalslågen er flott, ja for ikkje å seie fantastisk, men Etneelva er mykje meir intim. Du ser så mykje meir laks og der. I lågen står han mest og sturer på botnen medan han i Etne er meir "leiken". Eg må beint fram få meg eit døger der snart! Berre eg kunne bli kvitt denne sjuka som har helde meg i lås dei siste vekene... Bildet nedanfor er frå nest siste turen eg hadde i Etne 2007. Laks på 3,5 kg i Steinehølen.

P7010641Laksefiske

Teknisk: Øvste bilde er tatt med Canon 5DmkII med 70-300L ved 300mm, f5,6 ISO400. 1/320 sek. Handholdt.  Nedste bilde er tatt med Olympus E500 og 11-22 ved 11mm, f11. ISO100. 1/100 sek. Stativ og sjølvutløysar.

Comments

No comments posted.
Loading...

Velkommen til vår blogg. Her har det blitt posta innlegg jamnleg sidan 2008. Bruk gjerne søkfunksjonen for å finne det du er mest interesert å sjå og lese om :-)
Subscribe
RSS
Archive
January February March April May June (1) July (1) August September October November December
January February March April May June July August September October November December
January February March April May (1) June July August September October November December