Eg tok med meg jentene til Buarekvelven på overnattingstur i byrjinga av august. Ein passe lang førstegongstur. Me hadde fint ver begge dagane, men då eg fekk dei inn i lavvoen og ned i soveposane byrja det så vidt å regne. Litt etter seig skodda på og det heile vart så interessant at eg måtte ut og knipse litt. Eg fekk nokre minutt før ungane byrja å rope..
Her er eit av bilda eg fekk ut av turen.
Teknisk: Canon 5DmkII med Canon 17-40L ved 25 mm. 10 sek, f10 iso 100. Stativ.
Det blei litt meir tid morgonen etter. Nok til ein timelapsesekvens, litt film og nokre bilder. Ikkje noko revolusjonerande, men..
Turen anbefales! Greitt å få fisk var det og..