Ei årleg hending er fotografering av blomar i Buarkvelven her i Suldal. Ein halvtime til fots og ein har rik og god fyllitt under beina, noko kravfulle plantar veit å sette pris på. Her finn ein difor mykje flott fjellflora. Ein av dei vanlegaste plantene som er sjå i dei brattare partia, er den elles så sjeldne bergjunkeren, ein freda art som berre er å finne få andre stadar i landet.
Bilde blei teke i går kveld. Eg nytta Panasonic DMC-GF3, 14-42mm ved 14 mm, 1/50s, f8, iso 160.
Fleire bilde bilde av bergjunker finn du i vårt arkiv, sjå her.