Ennå ein foss i røyr ?

February 26, 2010  •  Leave a Comment

SvandalsfossenFoss

Eg lar meg fasinera av vatn. Og fossane er juvelane. 

Det er vel om lag 10 år sidan no at Statsminister Stoltenberg sa at tida for dei store kraftutbyggingane var forbi. Nokre år seinare blei Saudautbygginga vedteken. Med den forsvinn det meste av vatnet i Lingvongfossen, Maldalsfossen og Sagfossen. Fjordsidene blir fattigare.

No har NVE fått ein ny foss til handsaming. Haugaland kraft vil byggje Svandalsfossen kraftverk.

Svandalsfossen har eit fall på til saman 180 meter der øvste del har 40 meter fritt fall. Ei utbygging vil få negative effektar då fossen vil framstå som mindre iøynefallande og mindre dramatisk. Dynamikken gjennom fossens skiftande karakter vil miste mykje av sin kraft. Minstevassføring vil i liten grad kunne bøte på dette.

I 2007 åpna Statens vegvesen eit attraksjonspunkt ved fossen: Parkeringsplass, utsiktsplatå og 540 trappetrinn mot fossen og ned til Saudafjorden. Dette som del av den framtidige "Nasjonal turistveg Ryfylke". Vidare ønskjer kommunen ei vidareutvikling av fossen som turistattraksjon gjennom restaurering av ei oppgangssag.
Med bakgrunn i dette og andre naturkvalitetar i vassdraget var det ikkje overraskande at dei fleste høyringspartar sa nei til utbygginga hausten 2009. No har pipa fått ei anna lyd, kommunepolitikarane har hatt besøk og snur i saka. Ein avtale som inneber restaurering av oppgangsaga, minstevassføring og eit visingsrom i kraftverket gjer at fleirtalet av politikarane meinar turistattraksjonen kan bli meir attraktiv etter ei utbygging.

Eit restaurert kulturminne ved fossen er flott, men går dårleg saman med redusert vassføring og tilhøyrande redusert opplevingsverdi ved fossen. Og kva er det turistane ønskjer? Eg er overbevist om at det er den naturlege elva dei aller fleste vil oppleve og fotografere. Ikkje ein durande turbin bak ein glasfasade.

Planane for Svandalfossen kraftverk gjeld eit enkelt vassdrag og er, isolert sett, ikkje ei stor kraftutbygging (småkraftverk). Det blir likevel feil å handsama utbygginga som eit enkeltinngrep då dei negative konsekvensane for natur- og opplevingsverdiane vert forsterka av at dei nærliggande fossane er under utbygging. Så får me sjå kva NVE kjem fram til. Uansett blir det nok ein ankerunde.

Bilda frå fossen blei tatt somaren 2009.

SvandalsfossenFoss

Comments

No comments posted.
Loading...

Velkommen til vår blogg. Her har det blitt posta innlegg jamnleg sidan 2008. Bruk gjerne søkfunksjonen for å finne det du er mest interesert å sjå og lese om :-)
Subscribe
RSS
Archive
January February March April May June (1) July (1) August September October November December
January February March April May June July August September October November December
January February March April May (1) June July August September October November December