Den store kom deg ut dagen

February 10, 2010  •  Leave a Comment

Søndag arrangerte turistforeininga Kom deg ut- dagen. 30.000 turglade var ute på forskjellige arrangement. (Pluss nokre sure 14 åringar som heller ville spele dataspel men var tvungne til å vere med..) Familien Brekke var og på tur. Ikkje ein sånn der turistforeiningstur men likevel. Me køyrde til Vasshus og gjekk innover langs Ritlandsvatnet.

p2074153

Eg trur me hadde gått minst 46 meter då minstejenta sa ho var sliten. Me klarte å lokke ho 13 meter til før det berre var å ta av opp i skogen for å finne egna bålplass. Men då vakna ho til liv igjen. Då skulle me til toppen. No var det mamma og pappa som måtte lokkast... "Der!" peip eg innimellom pesinga. Etter litt vedsanking med tilhøyrande båltenning (Takk vårherre for fyringsbriketter!) var snart dei fyrste pølsene på plass.

p2074167

Stemninga vart etter kvart upåklageleg og me kunne kalle turen ein suksess. Bål, pølser og ein "tilrettelagt" tur var det som skulle til. Trass alt, det viktigaste på ein sånn tur er vel å legge lista lågt nok, er det ikkje?

p2074174

Turhelsing frå familien Brekke

Comments

No comments posted.
Loading...

Velkommen til vår blogg. Her har det blitt posta innlegg jamnleg sidan 2008. Bruk gjerne søkfunksjonen for å finne det du er mest interesert å sjå og lese om :-)
Subscribe
RSS
Archive
January February March April May June (1) July (1) August September October November December
January February March April May June July August September October November December
January February March April May (1) June July August September October November December