Det er ikkje så ofte ein treff Boltit på våre kantar av landet. Jfr ”Fugleatlas for Rogaland”, utgitt av Norsk Ornitologisk Foreining avd Rogaland, blei det første sikre hekkefunnet i nyare tid gjort i 1967 her i fylket. Under Atlas-prosjektet i tidsrommet 1972 til 1986 blei den registrert hekkande/sannsynleg hekkande i åtte ulike områder, fire av desse i Suldal.
Fuglen på bildet trefte eg heilt nord i kommunen, på fjellplatået Litledalsflæene sør-vest for Vassdalseggi. I