Far vel MF Frafjord!

February 05, 2008  •  Leave a Comment
MF Frafjord på Hydrokaien MF Frafjord har sidan 2004 vore fast ferge på Sambandet Sand- Ropeid. No er det ikkje lenge til ho skal legge til for siste gong. Ei ny og moderne MF Sand skal ta over. Om ein berre kunne utvida kaianlegga då.
Så det er vel på tide å summere opp livet til denne trofaste slitaren. Ferga blei bygd i Tromsø i 1979 ved Tromsø Skibsverft. Oppdragsgivar var Hvaler Båt og Fergeselskab. Namnet var Hvalerfergen III. Ho vart kjøpt av Stavangerske i november 1989 og døypd om til Frafjord. Mellom 1989 og 1992 gjekk ho fast i Høgsfjordsambandet. Etter dette var ho avløysingsferge i Høgsfjord- og Tausambanda. I 2004 vart hengedekket fjerna og ho blei satt inn i sambandet Sand-Ropeid. Kapasiteten er no 34 bilar. Den har vore heilt oppe i 60 bilar!

I vinter har det vore 2-3 ufrivillige stans i turane over fjorden. Styremotoren svikta to gonger (den same begge gongene) og ein gong var det veret som stogga henne. Hylekoret sto fram i både Suldalsposten, Aftenbladet og andre medier for å seie si meining om den "gamle dritten". Dei einaste eg har sympati med må vere dei som skulle i gravferd og ikkje kom til kyrkja i tide. Resten må då berre vere glade for at dei slapp unna jobb og skule eit par timar... Uansett, MF Frafjord, frå meg får du dei beste skussmål. Litt liten og gamal er du men jobben er vel utført!

Comments

No comments posted.
Loading...

Velkommen til vår blogg. Her har det blitt posta innlegg jamnleg sidan 2008. Bruk gjerne søkfunksjonen for å finne det du er mest interesert å sjå og lese om :-)
Subscribe
RSS
Archive
January February March April May June (1) July (1) August September October November December
January February March April May June July August September October November December
January February March April May (1) June July August September October November December