SuldalFoto.no

 
  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Heim - Vidar Lunde - Artikler - Det biologiske mangfaldet
Det biologiske mangfaldet
Skrive av Vidar Lunde   
onsdag 16. april 2008 23:24
950.jpg
Gjennom historia har det vært fleire masseutryddingar av arter på landjorda vår, og den siste var for 65 millionar år sidan. Då forsvann dinosaurane, og meir enn halvparten av alle artane døydde ut som følgje av klimaendringar etter eit asteroidenedslag. Etter det har talet på arter variert, og det har heile tida vore noen som har tilpassa seg forholda betre enn andre etter kvart som miljøet har forandra seg.
            I dag vert mangfaldet i naturen redusert i stadig raskare tempo. Arter forsvinn nå inntil 1 000 gonger raskare enn det som har vært naturleg dei siste 65 millionar år. Av dei omlag
40 000 forskjellige arter me har i Norge, er 3 800 klassifisert som raudlisteartar, noe som betyr at dei står i fare for å forsvinne frå naturen vår. Den høgaste førekomsten av raudlisteartar finn me i skog (48%) og jordbrukslandskap (35%). Av grupper er det biller (802 arter), sopp (744), sommarfuglar (430) og karplanter (384) som har flest trua arter.
 


Dette er nok det næraste  me kan kome ein ein ekte urskog i Suldal kommune. I det bortgøymde Rådlausjuvet i Bråtveit har skogen lenge fått styre seg sjølv.

Forandring av leveområde
Kva er det då som gjer at mangfaldet vert redusert i slikt tempo? Det er mange årsaker som auka drivhuseffekt, øydelegging eller forandring av naturlege leveområde, og innføring av nye artar. Det er menneske som står for alle desse forandringane. Regulering av vassdrag, utbygging av vegar og parkeringsplassar, bygging av hyttefelt, drenering av dammar og myrer, og flatehogst i stor skala er alle eksempel på forandringar av leveområde for arter som kan verta trua.
            I Suldal har me mye variert skog som gir eit rikt mangfald av arter. Her finn me ein god bestand av kvitryggspetten som på Vestlandet har sin siste rest av levedyktig bestand i heile Europa. Truleg er det ein stad mellom 500 og 1000 par frå Rogaland og opp til Sør-Trøndelag. På Austlandet har denne arten forsvunne nesten heilt i løpet av dei siste femti åra. Kvitryggspetten lever gjennom heile året for det meste av insektlarver den finn i daudt trevirke. Den treng derfor store areal og god tilgang på daude trær, noe som fort blir mangelvare når skogbruket blir intensivt drevet. Skogbruket er derfor den største trusselen for kvitryggspetten.

 

Kvitryggspetten er ein av dei sjeldnaste hakkespettane i Europa, men han er framleis vanleg hos oss. Men han er avhengig av gamle og daude trær der han kan finne insektlarvar. I det moderne skogbruket er det lite plass for daude trær.

Heldigvis er delar av Vestlandsskogane nokså utilgjengeleg for maskinar, men skogbruket satsar hardt på å skifte ut både lauvtre og furutre med gran. Meir enn 15% av Vestlandets skogareal er allereie dekt av gran, noe som gir eit redusert mangfald av artar. Grana vert planta så tett at tilgangen til lys blir for dårleg for normal plantevariasjon, og fleire insekt- og fugleartar blir fortrengt. Barnålene gir dessutan eit surare jordsmonn, og ved hogst i bratt terreng kan mye av jordsmonnet bli vaska bort av store nedbørsmengder.








I ein naturleg skog vil det være plass til fleire treslag, og når eit gamalt tre døyr vil det gje lys og næring til at nye planter vil vekse opp. Her er det eit stort naturleg mangfald.
Framande arter
Innføring av nya artar er og ein stor trussel for det biologiske mangfaldet. Me kjenner til eksempel som mink, kongekrabbe og iberiasneglen. Desse artane har ikkje naturlege fiendar i det norske økosystemet, og vil derfor formeire seg fort og utkonkurrere dei naturlege artane. Minken har nå vore her i meir enn hundre år, og ved kysten har han utrydda mange sjøfuglkoloniar på holmar og skjer. Kongekrabbe og iberiasneglen er nokså nye i faunaen vår, men har allereie gjort stor skade der dei har etablert seg.
Det er strenge reglar i Norge for innføring av nye arter til eit område, og det er til eksempel ikkje lenger lov å flytte aure frå eit vassdrag til eit anna vassdrag der det ikkje er aure i frå før. Det er då litt merkeleg og sjølvmotseiande at skogbruket skal få lov til å plante gran i store områder på vestlandet der grana ikkje høyrer naturleg heime. I tillegg vert grana planta så tett at det berre er lys nok for noen få moseartar i litt eldre granskog. Det biologiske mangfaldet vert såleis redusert til mest ingen ting der grana vert planta. At gran vil binda meir CO2-utslepp, kan ikkje brukast som forsvarleg argument for å auke granplantinga til 20% langs kysten. Då vil me bryta avtalar me allereie har inngått om å stansa tapet av det biologiske mangfaldet. CO2-utsleppa er me nøydt til å redusera på andre måtar. 









Grana er ein framand art på Vestlandet. I den planta granskogen vil det vera for lite lys til at anna enn nokre moseartar kan veksa. dette vil gje eit svært lite biologisk mangfald.

Bærekraftig utvikling
Dei fleste land i verda kom tidleg på 2000-talet til den erkjenninga at tapet av mangfald i naturen må stansast. Under «Konvensjonen om biologisk mangfald» (CBD) vart det derfor vedtatt eit mål om å redusere tapet av biologisk mangfald i verda innan 2010. Norge har, saman med dei fleste andre land i verda, slutta seg til dette målet. Ei rekke land har også gått lenger, og forplikta seg til å stanse tapet av biologisk mangfald innan same år. Tre offentlige verksemder i Norge har skrive under på ei erklæring (”Countdown 2010”) om å jobbe aktivt for å nå 2010-målet. Det er miljøverndepartementet, Trondheim kommune og Direktoratet for Naturforvaltning (DN). Men skogbruket vil altså fortsette som før med å redusere mangfaldet, og heller binde opp meir CO2
           Då Brundtland-utvalet i 1987 kom med rapporten ”Vår felles framtid”, vart uttrykket ”bærekraftig utvikling” lansert. I dette utrykket ligg det at me skal behandla miljøet slik at det er like godt for våre etterkomarar som det var for oss. Det betyr at det skal være like mye reint vatn, frisk luft, gammal skog, god dyrkingsjord og variert miljø til alle artar når me forlèt denne jord, som det var då me var her. Her har me alle litt å gjera, men grunneigarar og myndigheiter har eit særleg ansvar i forhold til det me ser av utvikling i skogbruket.


Sjølv om det flest insekt, sopp og karplanter på den norske raudlista, er det gjerne større arter som fuglar me legg mest merke til. Hønsehauken og kvitryggspetten står begge på raudlista og er trua av det intense skogbruket.

Trykt i Suldalsposten 5.april 2008.