|

Mange har ein draum om ei hytte. Gjerne i eit område med gode muligheiter for å gå tur både sommar og vinter. Noen vil ha eit alpinanlegg i nærleiken, mens andre kanskje vil ha gode jakt og fiskemuligheiter. Om dette ligg eit stykke unna gjer ikkje så mye, for i dag ligg alle hytter ved veg og da kan ein bruke bilen til og frå attraksjonane. At hytta ligg langt frå heimplassen er heller ikkje så viktig, da eit par timars køyretur før helga ser ut til å være heilt greitt i dagens samfunn. Det som derimot ser ut til å være viktigare for noen, er at hytta er stor nok til å ta i mot mange gjester. Og at det er innlagt straum, vatn, gode internett- og fjernsynsforhold.
Med så mye pengar som dagens nordmann har, er denne draumen om ei hytte forholdsvis lett å realisere. Nye hyttegrender veks opp i aukande tempo, til glede for den som får draumen oppfylt, for utbyggjar, for grunneigar som får seld hyttetomter og for kommunen som får fleire hytteturistar. Men kva med naturen og dyrelivet i området?
Biomangfaldåret 2010
Ein av verdas mest siterte fagartiklar ”Allmenningens tragedie” frå 1968, seier at dersom mange har fri tilgang til ein felles, avgrensa ressurs, vil noen menneske overskatte ressursen, mens ulempa vil fordelast på alle. Ofte er ulempene så små kvar for seg at dei er vanskeleg å sjå, men til saman kan det gje store negative verknader.
Naturen med dei forskjellige økosystem og variasjon i artsmangfald er ein avgrensa ressurs. Dersom folk som levde for hundre år sida plutselig fekk sjå korleis det ser ut i dag, ville dei blitt sjokkert over korleis me har behandla våre naturressursar. For oss er inngrepa så små kvar for seg at me knapt legg merke til at det forsvinn urørt natur kvar dag. Det som dermed er ein fordel for den enkelte hytteeigar og grunneigar, vil til slutt bli ei stor ulempe for naturens artsmangfald og dermed også fellesskapet. Denne utviklinga er ikkje bærekraftig.
2010 var det internasjonale biomangfaldåret. Norge har, som mange andre land satt som mål å stanse utryddinga av arter, og ei ny biomangfaldlov vart sett i verk. Dette opnar for å gi særleg vern til prioriterte arter og naturtypar. Men det er framleis lokale politikarar som skal ta avgjersler om eventuelle utbyggingar skal kunne skje. Og heile tida ser me at det alltid er dei kortsiktige økonomiske fordelane som vil vinne i slike avgjersler. Bare yttarst sjeldan har ein svært trua art klart å stanse ei utbygging. I slike tilfeller har det vært velkjente arter som fuglar eller vakre sommarfuglar, men mindre kjente arter som sopp, mose, lav og insekt er enda meir utsett for våre utbyggingar og har like store krav på leveområde.

Dei gamle stølane var ikkje så store i motsetnad til korleis hytter vert bygd i dag. Ikkje hadde dei straum eller veg heilt fram heller.
Kva fører utbygginga til?
Gamle hytter eller stølar blei plassert i terrenget ut i frå avstand til gardsbruk. Desse vart nytta til fangst og fiske, sjå etter buskapen eller i forbindelse med ved- eller tømmerhogst. Bare i heilt spesielle tilfeller blei det bygd ei bu meir enn to timers gange inn på fjellet. Stølane la ikkje beslag på meir areal enn dei kvadratmetrane dei sto på. Menneska brukte naturen, dei forbrukte han ikkje. Utmarka blei brukt på ein bærekraftig måte lenge før ein visste kva bærekraftig var.
Ingen protesterer på at det blir bygd eit par hytter i en fjelldal der det står noen stølar frå før. Men grunneigaren vil selje fleire hyttetomter, og fleire byfolk vil ha hytter i fjellet. Dette fører til meir menneskelig aktivitet, ofte med vegbygging og motorisert ferdsel som igjen vil gi støy, ureining og meir øydelegging av natur. Hyttebygging legg derfor beslag på store areal som minskar leveområda for arter som rype, orrfugl, hare og hjort. Sårbare arter som hubro og kongeørn vil forsvinne heilt frå slike områder. Også sjeldne planter og insekt får mindre naturlige områder å leve på, og vil dermed kunne forsvinne. Ikkje så og forstå at mygg og knott blir borte, men det vil mange andre insekt som er viktige i den naturlige næringskjeda og økosystemet dei leve i. På den nye raudlista som vart lagt fram i november, er det registrert 4599 arter som står i fare for å forsvinne frå Norsk natur. Sidan år 1800 har 125 artar døydd ut i Norge. I direktoratet for naturforvaltning (DN) meiner ein at tap av arter er eit samfunnsproblem som det vil koste oss dyrt om me ikkje klarer å stanse utviklinga.
I tillegg til vassdragsutbyggingar og skogsdrift er arealkrevjande utbyggingar i forskjellige former som vegbygging, hyttebygging, strømgater, alpinanlegg og golfbanar med på å redusere det biologiske mangfaldet. Denne reduksjonen har auka dei siste hundre åra, men nå har me altså innført ei lov og bestemt at me ikkje lenger skal utrydde arter. Skal me klare dette må me enten verne store områder, eller så må politikarane i stor grad sei nei til nye hyttefelt og kortsiktige økonomiske vedtak for å beskytte naturen mot oss menneske. Urørt natur er ein ressurs og eit fellesgode som me alle kan nyte godt av, og vil bli svært viktig for kommande generasjonar.

I fjellbjørkeskogen veks det i dag til med svært mange hytter. Dette er med på å redusere det biologiske mangfaldet. |