SuldalFoto.no

 
  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Ny bok: "Det brøler i hjortelia"
.

Heim - Blogg - Suldal i bilde - Solnedgang
Solnedgang
Suldal i bilde
Skrive av Kjetil Brekke   
torsdag 02. juli 2009 23:23

p6282173_hdr

Solnedgangen er flott å sjå på. Difor er den og eit av dei mest "utslitte" motiva me har. Kven har vel ikkje eit bilete av ein eller annan solnedgang liggande i ei skuff eller i eit album heime? Enkelte fotografar skyr dei som pesten. Ein klisjè seier dei. Utbrukt.

Eg er ikkje der, ikkje endar eg der heller, vonar eg. Så de skal få ein solnedgang frå meg i kveld. Tatt sist søndag i Stranddalen. Skal eg vere litt sjølvkritisk må eg innrømme at det er ein ganske ordinære solnedgang. Men den er tatt på ein av dei flottaste stadane me har i heiå!

Teknisk er det som vanlig tatt med Olympus E-3 kamera og 11-22mm objektivet. ISO100, f11. 5 bilder satt saman ved Enfuse i Lightroom. Bildet nedanfor er frå eit knips på 0,6 sek.

p6282159 

 

 

Vår bloggliste

Under finn du dei ti siste artiklane frå våre 20 utvalde fotografar/nettstader: