|
Vekas bilde, 1/12: Reinstølen |
|
Suldal i bilde
|
|
Skrive av Jarle Lunde
|
|
tysdag 03. januar 2012 23:55 |
|

I 2011 blei det skrivi 50 innlegg og vist ennå fleire bilde her på bloggen. I år ønsker me å vise ennå fleire foto. I tillegg til "vanlege" innlegg, vil me framover trekke fram "Vekas bilde". Først ut er dette bilde frå Reinstølen teke for nokre dagar sidan. Eksponeringstida var 24 sekund ved f20. Blånissane var nok ute...
Nokre av dykk har den siste tida sakna moglegheiten til å kommentere bloggartiklane her på nettsida. Grunnen til at denne er borte er ein feil me fikk i databasen. Me jobbar no me saka, og vil snart presentere nettsida i ei oppdatert utgåve.
Og til alle våre leserar: GODT NYTT ÅR! I år blir det mange blinkskott.... |
|
Suldal i bilde
|
|
Skrive av Kjetil Brekke
|
|
torsdag 22. desember 2011 12:30 |
|
Eg har handla inn eit par lyssterke objektiv i haust for å sjå om eg kan få til nokre brukbare nattbilder. 50mm f1.4 og 24mm f1.4L mk2. Heldigvis er begge godt brukande til andre ting og, for det er ikkje fritt for at himmelen stort sett har vore dekt av eit tungt skydekke mesteparten av hausten. Men nokre turar har det blitt. Etter å ha bomma grovt på tidenes nordlysshow (mange bilder, mye ull..) fann eg ut at Canon sine objektiver har ein fokus som går lenger enn til uendelig. Skummelt å tenke på..
Med bilder ute av fokus rydda av vegen, har eg hatt nokon fine turar. Her er nokre bilder frå dei. Alle er tatt med Canon 5Dmk2 og stativ.

50mm, f4, ISO800, 13 sek

24mm, f16, ISO200, 2110 sek (35 min og 10 sek)

24mm, f2, ISO2500, 25 sek

24mm, f2,8, ISO2500, 30 sek. HDR- 3 ulike framkallingar av same bilde satt saman.

24mm, f2, ISO2500, 30 sek, HDR - 3 ulike framkallingar av same bilde satt saman. Sterk lysforurensing nedst i bildet. Mest berre sjarmerande..
God Jul! |
|
Suldal i bilde
|
|
Skrive av Jarle Lunde
|
|
tysdag 20. desember 2011 01:06 |
|

Her er eit par bilde teke ved Sandsavatnet for nokre dagar sidan. Det er kveld og blåtime. Og i tillegg blå voks under skia. Nydelege forhold... Det øvste bilde viser Haugastølen med Månastølnuten i bakgrunnen. Det nedste viser Sandsavatnet og Napen.

|
|
Suldal i bilde
|
|
Skrive av Kjetil Brekke
|
|
onsdag 07. desember 2011 01:24 |
|
Eg gjekk meg ein tur ovom Markosvatnet og utover mot Suldalsdalen. Ovom Mork er det fleire store klipper kor ein får særs flott utsikt. Dalen låg mest heilt dekt av skodda medan det var flott ver der eg sat. Det gav mange gode motiv, her er eit par av dei.


Begge bilda er tatt med Canon 5Dmk2. Det øvste med 100mm L makro, det nedste med 24mm L mk2. |
|
Suldal i bilde
|
|
Skrive av Jarle Lunde
|
|
måndag 05. desember 2011 01:34 |
|

Omsider, etter ein lang mildvêrsperiode låg det det i dag 15 cm snø på bakken. Og snøen måtte festast på minnebrikka! Det øvste viser utosen ved Mjåvatnet (sør for Suldalseidet/Hylsfjorden). Det var blankt vatn når eg rigga til stativet, men vinden og byga kom fort. Nokre eksponeringar viste at polarisasjonsfilteret måtte opp av sekken, kontrastane i vatnet kom ikkje fram elles. Dessutan var det naudsynt med fleire alternative eksponeringar for å få fram heile landskapet (hdr).
Bilde under er teke ved eit lite tjern like i nærheten.

|
|
Suldal i bilde
|
|
Skrive av Jarle Lunde
|
|
søndag 16. oktober 2011 20:16 |

Vinteren er i anmarsj. Omlag 10 cm snø var det no i Stranddalen (980 moh). Framme ved turisthytta dukka månen opp. Så då blei det vinterlege måneskinnsbilde i oktober. Teknisk er begge teke med D300s, 17-55mm (26 og 24mm), 30s og f5,6.
Før dette var eg bortom ein av dei mest fotograferte steinformasjonane i Rogaland, "Smørslago". Mitt bidrag er teke med same utstyr som nemnt ovanfor, men er sett saman av 5 eksponeringar (hdr).

 |
|
Bilde frå Kraftrittet 2011 |
|
Suldal i bilde
|
|
Skrive av Jarle Lunde
|
|
måndag 20. juni 2011 00:15 |
|

Søndag 19.juli blei det første Kraftrittet arrangert. Omlag 90 sykkelistar deltok i terreng-turrittet på omlag 5 mil. Og det blei ein stor dag som garantert blir å finne på kalenderen også neste år. Under rittet var me ute og fanga stemningsrapportar (Kjetil og meg), både med bilde, film og mikrofon. Planen er å laga ein liten film, men denne må me ha nopkre dagar for å bli ferdig med. Her er eit lite utval bilde frå dagen.





|
|
Suldal i bilde
|
|
Skrive av Kjetil Brekke
|
|
måndag 13. juni 2011 00:56 |
|
Forrige søndag var eg på tur innover Kvilldalsdalen. Eg enda oppunder Botnavatnet, men då eg gjekk på venstre side av elva oppover og det ikkje var råd å komme seg over, vart det til at eg stanna like nedom. Det hjalp heller ikkje at eg gjekk meg skikkelig fast i ei fjellside fullpakka av rosenrot. Der stod eg og brekte på hjelp ein halvtimes tid før eg fekk dei verste skjelvingane ut av beina og fekk karra meg ned igjen. Det vart på ein måte slutt på all utforskartrong etter det... Men om ikkje anna, så er rosenrota godt representert i bildeserien du no kan sjå. Vel bekomme!
|
|
Suldal i bilde
|
|
Skrive av Kjetil Brekke
|
|
tysdag 31. mai 2011 22:56 |
|
Eg var ein tur til Svartavatnet om Fossane sist torsdag. Planen var ta nokre bilder av kvitveisen mot fossen nedom sjølve Fossane, men dei blåste bokstavleg talt vekk. På vegen opp støkte eg ein orrhane. Utsikten mot Mosvatnet er flott når du først kjem ovom fossen, men det var nokså flatt lys så noko bilde å snakke om vart det ikkje.
Vel oppe med vatnet satte eg meg ned for ein pust i bakken. Då fekk eg auge på nokre små blomar nedi lyngen. Greplyng. Noko ussalege var dei, men kva gjer vel det når det er dei første eg har sett i år. No var det om å gjere å finne ein stad kor ikkje vinden ruska for mykje i dei. Med hjelp frå sekken og kleda eg hadde i den fekk eg bygd ein levegg stor nok til å prøve. Nok var det ikkje, men her er no eit noko brukande resultat. Så får det heller vere gleda over å sjå dei igjen meir enn bilde eg hugsar...

Før eg bles bort måtte eg sjå til å komme meg ned att. Og på vegen vart lyset litt annleis enn då eg gjekk opp. Tunge skyer rulla innover Mosvatnet, medan det danna seg ei stripe med klår himmel bakom Gullingen. Dette kunne bli til noko. Eg småsprang nedover bakkane til eg fann igjen bekken like ovom ein liten foss. Med fossen i forgrunnen, Mosvatnet, Gullingen og skyene som bakteppe kunne det bli eit ok bilde.

Bilda er tatt med Canon 5DMKII og 100mm Makro (øvst)/ 17-40mm (nedst) |
|
Suldal i bilde
|
|
Skrive av Jarle Lunde
|
|
søndag 22. mai 2011 14:43 |
|

Til Klungtveit høyrer det fleire stølar. Her er to av dei. Det første bilde er frå Nedstastølen som ligg fint til over Suldalsvatnet. Å gå hit tek ein knapp time. Litt lenger inn og opp i vassdraget ligg Toskesstølen ved Toskestøltjørna.
Det er ti-femten år sidan sist eg var her med fotoapparat. Eg tenkte då at eg snart skulle hit igjen (men nei). Landskapet er nemleg storslått og spennande. Turen forbi Klungtveit går gjennom eit særmerkt kulturlandskap med hundrevis av kydlestuvar, bakkemurar og hus. Og lengre opp ligg altså stølane. Eg håpar på å kunne vise fleire og nye bilde frå område utover somaren.


|
|
|
Suldal i bilde
|
|
Skrive av Kjetil Brekke
|
|
laurdag 12. mars 2011 16:19 |
|
Eg tok ein liten tur ut til Hebnes ein kveld før eg tok ferja tilbake til Sand. Kaldt og surt var det, men eg hadde eit lite håp om at skydekke skulle sprekke opp og gi meg eit glimt av sol og fint kveldslys. Og resultatet vart ikkje så ille.. Alle bilda er tatt med Canon 5Dmk2, 17-40 og stativ.



|
|
Suldal i bilde
|
|
Skrive av Jarle Lunde
|
|
onsdag 02. mars 2011 00:45 |

Snø på trea, silkeføre og morgonlys. Det kan eg lika. Og slik var det ved Mosvatnet i går. Seinare på dagen viste sola at den for alvor meiner å gjere vinter til vår. Snøen på trea måtte gi tapt for varmen.
Nedst viser eg eit 360 panorama eg tok i same område tidligare i vinter. Du må opne bilde for å manøvrere.



|
|
Suldal i bilde
|
|
Skrive av Kjetil Brekke
|
|
tysdag 22. februar 2011 00:00 |
|
I slutten av januar sprakk isen i fjorden opp. Eg hadde fått nytt kamera og var på Neset for å teste ut. Dei to første bilda er tatt med Canon 5Dmk2 og 17-40mm. Det siste, Olympus E-3 og 50-200mm.

Tett skodde gjorde stemninga endå betre. Sandsferja på veg til Sand.

Stokkendene tok det særs roleg.

|
|
Suldal i bilde
|
|
Skrive av Kjetil Brekke
|
|
tysdag 15. februar 2011 00:00 |
|
Kvednahola er fotogen heile året. Men når den i tillegg er full av is overalt bugnar det av motiv. Desse bileta er frå slutten av januar og er tekne med Canon 5Dmk2 og Olympus E-3.




|
|
|
|
|
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 6 Neste > Siste >>
|
|
Side 1 av 6 |