SuldalFoto.no

 
  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Ny bok: "Det brøler i hjortelia"
.

Heim - Blogg - Fototeknisk - Nesten..
Nesten..
Teknisk
Skrive av Kjetil Brekke   
laurdag 04. oktober 2008 23:40

P9130168.jpg

1/13 sek, f/11, ISO 100. 100mm (40-150 f3,5-4,5), polariseringsfilter.

Dei fleste bildene mine blir til på vegen. Ein fottur i fjellet blir fort til ein fototur i fjellet. Alt for ofte er tid mangelvare og eg overser ein ting på sjekklista. Eg vil legge ut nokre bilder frå ein sånn tur. Dei er tatt i Blåsjøområdet. Dette første er ein relativt enkel komposisjon. Dei andre kjem etter kvart.

Dette bildet liker eg særs godt. Kveldslys, vatn utan krusningar, dei små "øyane" jamnt plassert utover og sist men ikkje minst overgangen frå det mørke gjennomsiktige vatnet i forgrunnen til det lyse ugjennomtrengelige bakerst. Det er nok av ting å kvile auga på.

Men så var det dette med nesten då. Eg tok meg aldri tid til å sjekke skarpheten i bildet. Eg fokuserte på den næraste steinen og håpte at blender f/11 ville gjere heile bildet skarpt. Det vart det ikkje. Steinen til høgre er litt ute av fokus og den bakerste er heilt ute av fokus. Hadde eg tatt meg litt bedre tid og fokusert på steinen til høgre, hadde truleg bildet vore redda.

Men men, det er jo berre å ta turen opp igjen. Ein dag det er fint ver og ikkje snø. Ein dag, ein gong..

 

Vår bloggliste

Under finn du dei ti siste artiklane frå våre 20 utvalde fotografar/nettstader: