SuldalFoto.no

 
  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Ny bok: "Det brøler i hjortelia"
.

Heim - Blogg - Fototeknisk - Solnedgang over Prostøl
Solnedgang over Prostøl
Teknisk
Skrive av Jarle Lunde   
laurdag 12. juli 2008 01:00

_dsc3250_46_47_48_49_tonemapped.jpg

Å ta gode bilde av solnedgang er ikkje lett. Kor mange gonger har ein ikkje blitt skuffa når ein har fått lysbilda i retur frå laboratoriet. Heller ikkje dagens digitale kamera klarer å formidle solnedgangen slik me ser den, i alle fall ikkje  om  me ønskjer å få med landskapet i tillegg til den raude himmelen. Problemet er at kamera ikkje klarer den store kontrastforskjellen det er mellom landskap og den lyse himmelen. Ofte må ein då velje mellom 1) ein flott himmel/for mørk forgrunn,  eller 2) for lys og kjedeleg himmel/flott landskap.

 

Ein (av fleire) metode for å løyse dette er å ta fleire like bilde (stativ), men med ulik eksponering. Det er dette eg har gjort med bildet frå Prostøl som eg tok for ei veke sidan. Bildet er satt saman av fem ulike eksponeringar (hdr) der den ”riktige” lyse himmelen er henta frå eit bilde, dei mørkaste områda i landskapet frå eit anna, og mellomtonar frå alle.

 

Ikkje berre eit enkelt knips akkurat.

 

Vår bloggliste

Under finn du dei ti siste artiklane frå våre 20 utvalde fotografar/nettstader: