SuldalFoto.no

 
  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Ny bok: "Det brøler i hjortelia"
.

Heim - Blogg - Humor - Vekas bilde, 4/12: Snømannen i Trodladalen
Vekas bilde, 4/12: Snømannen i Trodladalen
Humor
Skrive av Jarle Lunde   
onsdag 25. januar 2012 01:05

220112_ja_lun070-35

Det var skumringstime då eg traff på denne "Tommy og tigeren"-inspirerte snømannen. Den vifta med armane og meinte den fortente å bli tatt bilde av. Så då gjorde eg det.
Etter litt prøving fann eg ut at komposisjonen blei best ved å fotografere frå bakkenivå. Armbevegelsane kom best fram då. Og med omlag 30 sekunders eksoneringstid for kvart bilde, blei eg liggande på magen foran snømannen ei heile stund. Det var då det kom ein traktor som forsiktig stoppa opp 20 meter unna, før den kjøyrde igjen. Det er ikkje heilt enkelt å tenkja seg kva sjøføren tenkte der han, ganske øyde, såg ein vaksen mann liggja paddeflat i snøen foran ein snømann....
Men bilde blei bra!

 

Vår bloggliste

Under finn du dei ti siste artiklane frå våre 20 utvalde fotografar/nettstader: