SuldalFoto.no

 
  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Ny bok: "Det brøler i hjortelia"
.

Heim - Blogg - Humor
Vekas bilde, 4/12: Snømannen i Trodladalen
Humor
Skrive av Jarle Lunde   
onsdag 25. januar 2012 01:05

220112_ja_lun070-35

Det var skumringstime då eg traff på denne "Tommy og tigeren"-inspirerte snømannen. Den vifta med armane og meinte den fortente å bli tatt bilde av. Så då gjorde eg det.
Etter litt prøving fann eg ut at komposisjonen blei best ved å fotografere frå bakkenivå. Armbevegelsane kom best fram då. Og med omlag 30 sekunders eksoneringstid for kvart bilde, blei eg liggande på magen foran snømannen ei heile stund. Det var då det kom ein traktor som forsiktig stoppa opp 20 meter unna, før den kjøyrde igjen. Det er ikkje heilt enkelt å tenkja seg kva sjøføren tenkte der han, ganske øyde, såg ein vaksen mann liggja paddeflat i snøen foran ein snømann....
Men bilde blei bra!

 
Pass på
Humor
Skrive av Jarle Lunde   
torsdag 09. april 2009 09:04

Appelsinhud i påskefjellet

Vel, det er vel ikkje noko samanheng mellom appelsinhud og påskesola, likevel: Ta ikkje sjansen, bruk solkrem!!!
God påske. 

 
Kald sko
Humor
Skrive av Jarle Lunde   
tysdag 03. februar 2009 00:13

Ein kald sko

Eg "snubla" over denne skoen for ei stund sidan. Historien bak kjenner eg ikkje, men om om den var kald før, var den det i alle fall nå.

Opptaket blei gjort i skumringa. Det varme streiflyset er frå ein bil. 
Nikon D200, 10 sek. ved  f/10, iso 100, 105mm (18-200mm f/3,5-5,6), stativ.

 
God St.hans..
Humor
Skrive av Kjetil Brekke   
måndag 23. juni 2008 21:54

P6238673.jpg

Eg måtte berre få lov til å ønskje dykk alle ein god St.hans. Som du ser, så er du ikkje åleine om å stikke av frå bålet så snart moglegheita var der. Sjølv ikkje desse kyrnå på Hiim hadde det særleg kjekt. Eg sjølv grilla under tak og åt på kjøkkenet. Og bildet, jo det er tatt frå terrassen, under tak den og...

 
Spelegalen tiur
Humor
Skrive av Jarle Lunde   
søndag 27. april 2008 01:00

 

Tida er der då tiurleiken er på sitt mest hektiske. Gjennom spel og kamp skal røyene imponerast. Men av og til går hormona i vranglås. Det var tilfelle med ein spelande tiur som underhaldt vegfarande i bakkane til Gullingen for nokre år sidan. Men for nær ville den ikkje ha noen. ”Inntrengarar” blei regelrett jaga bort med rå makt…..

 

 
God reklame?
Humor
Skrive av Kjetil Brekke   
onsdag 20. februar 2008 23:44

Søndag 17. februar var eg på veg heim frå Voss. Me rakk akkurat ikkje ferja frå Kvanndal til Utne og vart ståande på kaien i 50 minutt. Med andre ord hadde me god tid til å sjå kvar minste detalj av denne kaien. Hadde det ikkje vore for at det regna elefantar og blåkvalar kunne det vore hyggeleg nok etter ei lang helg.

Så snart eg fekk auga på dette bildet, måtte eg fram med kamera og paraplyen. Det var ein del av eit større reklameskilt kor Hardanger blei hausa opp til dei høgaste toppane. Det var både rett og rimeleg det men.. Problemet mitt var at alt omkring skreik at dette var feil feil feil! Her stod eg no i byrjinga av vinterferien, i striregn og skodde og såg på eit bilde av sommarlett natur. Det berre måtte bli ein del av den verda eg var i.

Bildet er eit av fleire. Dette var det beste snittet mellom glansbildet og verda kring det.

 


Vår bloggliste

Under finn du dei ti siste artiklane frå våre 20 utvalde fotografar/nettstader: