| Skutesteinen, unikt kulturminne |
| Historie |
| Skrive av Jarle Lunde |
| onsdag 20. august 2008 01:00 |
|
Eg var nyleg ved Skutesteinen. Det var ei stor oppleving. Under overhenget på steinen, skuten, er det bygd ein mur, eit bogastille. Her venta bogeskyttaren på reinsdyr. Det som gjer Skutesteinen så unik er ei rekkje riss frå veidemannen: Runer, teikn og symbol. Mange av ristningane viser motiv frå fangstkultur, bl a reinsdyret på bildet. 20-30 meter opp frå Skutesteinen ligg Storhedder (Storheller), overnattingsstaden for veidemannen. Skutesteinen og Storhedder ligg aust for Storheddervatnet, 1100 moh. Det går sti frå turisthytta Sloaros. Frå Suldal er det ein dagstur til området frå Sandvatnet. Det er ei informasjonstavle på staden. |
Under finn du dei ti siste artiklane frå våre 20 utvalde fotografar/nettstader: