SuldalFoto.no

 
  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Ny bok: "Det brøler i hjortelia"
.

Heim - Blogg - Historie - Sjøorm i Suldalsvatnet
Sjøorm i Suldalsvatnet
Historie
Skrive av Jarle Lunde   
torsdag 04. desember 2008 01:00

DSC_0597-Edit-2-Edit_edited-2.jpgDet var ein gong eg rodde frå Hamrabø og utover. Det vart kveld og noko mørkt. Eg var åleine i båten og hadde eit par tylfter med bord i bakskoten. Dei stakk ut over esinga og gav skugge frå seg nedi vatnet. Veret var fint, vatnet låg stilt og mørkt med skuggen av fjella på båe sider.

Best som eg rodde skaut det opp eit stort, svart hovud om lag 50 alner utanfor båten min. Eg lest som eg ikkje merka noko, berre rodde som før. Men det svarte utysket sumde fortare enn eg rodde. Det stod som ein kvit foss om brystet på det. Eg var nokså langrt ute på vatnet. Kva skulde eg gjera?

Best det var dukka dyret, men berre for ein augneblink. Så kom det opp att, og no tett ved sida av båten. Eit stort, svart uhyggeleg fælt hovud hadde det, med gloande auge som det vrengde stygt. Kor lang han var kan eg ikkje seia, for det var som sagt litt mørkt. Ei stund tenkte eg på å ta ein båtshake og stikka i hovudet på karen. Men eg betenkte meg. Det kunne bli farleg, og eg var åleine. Han kunde ta både meg og båten, styggen. No ja. Det gjekk godt. Beistet forsvann etter kvart då eg kom nærare land. Eg trur nærast at han ikkje var ute på noko vondt. Han ville vel berre sjå på dei lyse bordendane som stakk ut av bakskoten.



Du har vel skjønt det, men eg seier det likevel: Teksten over er henta frå sagnet "Sjøorm i Suldalsvatvatnet". Bildet derimot, det er det eg som har teke. Og det var og ei oppleving.....

Heile teksten til sagnet finn du her http://utgard.hsh.no/segner/Detalj.php?ID=1022
Meir om segner i distriktet: http://utgard.hsh.no/segner/

 

Vår bloggliste

Under finn du dei ti siste artiklane frå våre 20 utvalde fotografar/nettstader: