|
Historie
|
|
Skrive av Jarle Lunde
|
|
søndag 11. september 2011 13:57 |
|

I dag er det kulturminnedagen. Tema i år er "Skjulte skatter. Spor i landskapet". Og slike er det mange av. Her viser eg nokre av dei kulturminna eg har fotografert dei seinare åra, alle frå eigen kommune. Fleire bilde gamle spor frå lanskapet finn du her.
Det øvste bilde er frå Hylsskaret frå den gamle ferdelsvegen mellom Hylen og Våge.

2. Kvern ved Kolbeinstveit.

3. Samanrast dyregrav ved Heddevatnet (NV), Dyraheio.

4. Gamal høyløe over Stålavika i Øvre Suldal.

5. Skålgrop. Fornminne frå Jelsavågen. |
|
Historie
|
|
Skrive av Jarle Lunde
|
|
tysdag 03. august 2010 01:51 |
|
Samanrast reinsdyrgrav under Kistenutenden.
Høgfjellet har vore nytta i fleire tusen år. Steinalderbuplassar, bogastille, hellerar og dyregraver er kulturminne som vitnar om det. På ein fleirdagars tur rundt Vassdalseggi (Vinje-, Odda- og Suldal kommune) blei fleire fornminne kikka nærare på. Til tross for at dei fleste reinsdyrgravene ber preg av å vere samanrast, skapar dei særleg undring: Kven bygde dei, og når? Sveinung Bang Andersen avviser at det har eksistert profesjonelle fangstfolk som var på fjellet i lang tid. -Bruken av dyregravene må oppfattes som en utmarksnæring knyttet til jordbrukere bosatt i tilgrensende dalfører, skriv han (2004; Reinsdyrgraver i Setesdal Vesthei - analyse av gravenes beliggenhet, byggemåte og brukshistorie. AmS Varia 40). Radiologiske undersøkingar tyder på at dei fleiste reinsdyrgravene har vore nytta før Svartedauen.
Du finn fleire bilde frå ulike reinsdyregraver her i arkivet. Og fleire vil komme etterkvart.....
Reinsdyrgrav under Vassdalseggi
Bogastille.
|
|
Historie
|
|
Skrive av Jarle Lunde
|
|
laurdag 20. juni 2009 10:57 |
|

Var innom gravrøysene på Ritland i Suldal ein tidleg morgon. Her ser du nokre av bilda som blei til.
Jernaldergravfeltet (300-1050 e.rk.) er med sine 40-50 gravhauger det største i Rogaland. Gravhaugane ligg på ei fin sletta ned mot Suldalslågen. I følgje kommunen sin kulturminneplan er det gjort funn av knivblad, klingnaglar frå ein båt, jernsager, perler, snellehjul, leirkar og anna i dei haugane som er undersøkte.


|
|
Historie
|
|
Skrive av Jarle Lunde
|
|
torsdag 04. desember 2008 01:00 |
|
Det var ein gong eg rodde frå Hamrabø og utover. Det vart kveld og noko mørkt. Eg var åleine i båten og hadde eit par tylfter med bord i bakskoten. Dei stakk ut over esinga og gav skugge frå seg nedi vatnet. Veret var fint, vatnet låg stilt og mørkt med skuggen av fjella på båe sider.
Best som eg rodde skaut det opp eit stort, svart hovud om lag 50 alner utanfor båten min. Eg lest som eg ikkje merka noko, berre rodde som før. Men det svarte utysket sumde fortare enn eg rodde. Det stod som ein kvit foss om brystet på det. Eg var nokså langrt ute på vatnet. Kva skulde eg gjera?
Best det var dukka dyret, men berre for ein augneblink. Så kom det opp att, og no tett ved sida av båten. Eit stort, svart uhyggeleg fælt hovud hadde det, med gloande auge som det vrengde stygt. Kor lang han var kan eg ikkje seia, for det var som sagt litt mørkt. Ei stund tenkte eg på å ta ein båtshake og stikka i hovudet på karen. Men eg betenkte meg. Det kunne bli farleg, og eg var åleine. Han kunde ta både meg og båten, styggen. No ja. Det gjekk godt. Beistet forsvann etter kvart då eg kom nærare land. Eg trur nærast at han ikkje var ute på noko vondt. Han ville vel berre sjå på dei lyse bordendane som stakk ut av bakskoten.
Du har vel skjønt det, men eg seier det likevel: Teksten over er henta frå sagnet "Sjøorm i Suldalsvatvatnet". Bildet derimot, det er det eg som har teke. Og det var og ei oppleving.....
Heile teksten til sagnet finn du her http://utgard.hsh.no/segner/Detalj.php?ID=1022 Meir om segner i distriktet: http://utgard.hsh.no/segner/ |
|
Historie
|
|
Skrive av Jarle Lunde
|
|
søndag 26. oktober 2008 00:00 |
|
 Turistsesongen er over og Suldalsdampen ligg nå i vinteropplagg ved Våge. På ein av mine fototurar la eg i haust ein fotostopp ved båten. Dette bilde blei det beste. Tekniske data: Nikon D200, 10-20mm, f/13, 5 eksp. 1,8 sek – 1/8 sek, ISO 100, stativ.
På nettsida norway.com kan ein lesa: D/S Suldal vart sett i drift i 1885 og gjekk i rute på vatnet i nærmare 100 år før båten vart overflødig. "Suldalsdampen" vart bygd om og endra fleire gonger. I 1953 vart dampmotoren skifta ut med ein semidieselmotor. Dampskipruta opna for turistferdsle gjennom Suldalsdalføret, og Suldalsosen vart eit knutepunkt på den kjende turistruta frå Sand, gjennom Suldal og Bratlandsdalen, over Røldal og til Odda. For turistane var Suldalsporten eit høgdepunkt. Suldalsporten er ei innsnevring av vatnet, der to massive fjellformasjonar står mot kvarandre.
|
|
Skutesteinen, unikt kulturminne |
|
Historie
|
|
Skrive av Jarle Lunde
|
|
onsdag 20. august 2008 01:00 |
|

Eg var nyleg ved Skutesteinen. Det var ei stor oppleving.
Under overhenget på steinen, skuten, er det bygd ein mur, eit bogastille. Her venta bogeskyttaren på reinsdyr. Det som gjer Skutesteinen så unik er ei rekkje riss frå veidemannen: Runer, teikn og symbol. Mange av ristningane viser motiv frå fangstkultur, bl a reinsdyret på bildet.
20-30 meter opp frå Skutesteinen ligg Storhedder (Storheller), overnattingsstaden for veidemannen.
Skutesteinen og Storhedder ligg aust for Storheddervatnet, 1100 moh. Det går sti frå turisthytta Sloaros. Frå Suldal er det ein dagstur til området frå Sandvatnet. Det er ei informasjonstavle på staden.
 |
|
|
|
|