| Laks! |
| Friluftsliv |
| Skrive av Kjetil Brekke |
| onsdag 30. juli 2008 12:59 |
|
Dei av dykk som kjenner meg, veit at når eg ikkje tar bilder så er det flogefiske som er den store hobbyen min. Og då aller helst etter laks i Suldalslågen. Sist mandag morgon var eg seint ute og var ikkje i elva før kvart over 9. Sola sto allereie høgt over elva. Eg starta fisket i ein liten høl som heiter Leiriå på Hiim. Eg hadde ikkje kasta meir enn 6-7 kast før snøret stramma seg og nokre tunge dunk forplanta seg ner gjennom stanga. Det var ein "snill" fisk som utan dei store utrasa eller hoppa blei landa etter 15-20 minutt. Men det var først då eg fekk sjå kor stor han var. Ein kraftig hannlaks på 106 cm. Det tydde ny pers for meg. Vekta viste til slutt 11,6 kg. |
Under finn du dei ti siste artiklane frå våre 20 utvalde fotografar/nettstader: