| Flora frå Hylsdalen |
| Flora |
| Skrive av Jarle Lunde |
| laurdag 05. juni 2010 00:51 |
|
For ei veke sidan var eg i Hylsdalen her i Suldal for å fotografere blomster. Eit av bilda eg fikk med meg var dette av ei kvit vårmarihand. Ikkje noko vanleg syn. Elles blei det og jordbær, løvetann og diverse insekt på minnebrikka. Men det var ein ting eg la spesielt merke til, rosenrota ville stå i blom om kort tid. Og tuene såg svært så fotogene ut. Difor har eg i kveld igjen vore i dalen. Det var vanskelege lysforhold pga av den lyse himmelen. Eg valgte difor ein forsiktig bruk av hdr-teknikken. To resultat ser du nedanfor.
|
Under finn du dei ti siste artiklane frå våre 20 utvalde fotografar/nettstader: