SuldalFoto.no

 
  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Ny bok: "Det brøler i hjortelia"
.

Heim - Blogg - Flora
Vinterflora i søkaren
Flora
Skrive av Jarle Lunde   
fredag 28. oktober 2011 13:37

Taggbregne

Blomster blir som oftast fotografert når dei er på sitt vakraste. Det treng ikkje vere slik. Her er nokre bilde eg tok nyleg i eit område der det var 5-10 cm snø. Moro med flora i eit annleis miljø!

Øvst ser du ein representant for dei vintergrøne plantene, ei taggbregne. Nedanfor er det bilde av eit av dei mest uthaldane blåbæra i årets fjellheim. Nedst er det fjellmarikåpe som ligg under isen. Alle bilda er teke med Canon G12.

Blåbær

Fjellmarikåpe

 
Molteblom
Flora
Skrive av Jarle Lunde   
fredag 22. juli 2011 01:16

Molteblom

Det er vel tida for å finne dei første moltene no. Etter kva eg har høyrt er det ikkje så mykje å hente på vår kant av landet, men dei trofaste molteplukkarane finn nok noko på dei faste myrene sine. Og då snakkar me om lavlandet, høgt til fjells står nemleg molta ennå i blom. Bilda her er teke like under Napen (1350 moh) for nokre dagar sidan. Er godt nøgd med dei, særleg det øvste.

160711_ja_lun181-79

 
Tre blomsterbilde
Flora
Skrive av Jarle Lunde   
onsdag 29. juni 2011 23:39

Reinrose

Her er nokre bilde teke forrige veke. Fotografert i tre svært ulike naturtypar i Rogaland.
1. Reinrose, Buarkvelven (Suldal).
2. Prestekrage, Årdal (Hjelmeland).
3. Strandreddik, Orresanden (Klepp).

Dei er alle teke med Canon G12.

Prestekrage

Strandreddik

 
Vårpengeurt
Flora
Skrive av Jarle Lunde   
tysdag 12. april 2011 23:15

Vårpengeurt

Linerla har kvitra nokre dagar no, sitronsommarfuglen flyg og padda er på veg mot bryllupstjernet. No skjer det mykje. Motiva står i kø. Bra at det snart er påskeferie...

Bilda av vårpengeurt er årets første florabilde frå mi side. Dei er tekne ved Hylstunnelen med Nikon 300s og 105mm makro. Og for først gong har eg nytta ei makroskinne. Ved begge motiva har eg teke fleire eksponeringar med ulik fokusplan, og deretter "smelta" dei i hop med ønska dypde. På den måten har eg oppnådd god skarphet på blomen, samstundes med ein uskarp bakgrunn. Mykje arbeid med motivet, men resultatet synest eg blei bra.

Vårpengeurt

 
Hol eik
Flora
Skrive av Jarle Lunde   
fredag 27. august 2010 23:07
Hol eik

Bildet over er fotografert i ein blandingskog ved Suldalsvatnet i mai. Her var fleire kraftige eiketre. Biotopen var ei bratt sørvendt li med blokkmark. På bakken var det bærlyng, men og stadar med lågurter.

Mens eika over neppe er blitt fotografert tidligare er nok treet nedanfor meir som ein "kjendis" å rekna. Veholt-eika i Skien er ein av Noregs største og eldste. Stammen måler heile 9,4 meter i omkrets og har ei trekrone med ein vidde på 24 meter. I følgje informasjon på staden er treets alder ikkje nøyaktig stadfesta, "men det skal være kjent frå 1358 da Håkon V Magnusson gav Skien kjøpstadprivilegiet. Den gang var eika et frodig ungtre".
Landsforeningen for naturfredning freda Veholt-eika i 1932. Den blei seinare, i 1980, freda som naturminne av Miljøverndepartementet. I haust vil truleg kongen i statsråd på ny gi eit vern, ikkje aleine denne gong, men saman med bl a eikene ved Suldalsvatnet. Det er ikkje eik som art som blir freda, men hole eiketre som ein naturtype.
Bakgrunnen er at dei mest trua delane av Norsk natur no får økt beskyttelse i nye forskrifter etter den nye naturmangfaldlova. Reglane for utvalte naturtypar handlar om bærekraftig bruk. Poenget er at omsynet til naturtypane skal bli vektlagt slik at dei ikkje mistar sin verdi.

Eik skal vere det treslaget hjå oss som har flest artar knytt til seg, ekspertar antar at totalt 1500 artar kan vere knytt til eik og då særleg til gamle og grove. Mange av desse er særs sjeldne og er raudlisteartar.

Veholteika
 
Rødlistearter
Flora
Skrive av Vidar Lunde   
søndag 25. juli 2010 17:37

7d-9776

Som naturfotograf er det mange retninger å bevege seg i, og det mest populære, eller det som er mest "inn" for tida, er vel det mer "personlige" og/eller det litt mer kunstneriske uttrykket.? Jeg må nok si at jeg foretrekker det mer tradisjonelle, selv om det kan være mye bra i den nye måten å formidle bilder på. Det tradisjonelle kan jo også bli temmelig kjedelig når det stadig gjentar seg selv. Når jeg for eksempel ser bilder av havørn som stuper for å ta fisk tar jeg meg selv i å bla raskt videre. Jeg har jo sett det før!

En del av min fotografering er å ta bilder av arter som står på rødlista. Bildet over viser Skjeggknoppurt (Centaurea phrygia ssp.pseudophrygia) som er en underart av Parykk-knoppurten. Begge er oppført som sterkt truet (EN) på rødlista fra 2006. Populasjonen av skjeggknoppurt som er avbildet finnes langs veien i Kilane i Erfjord.

I Suldal kommune har vi flere store populasjoner av den forholdsvis sjeldne Bergjunkeren (Saxifraga paniculata). Foruten Suldal finnes den også i Hjelmeland, Nordland og i Troms. Den likner på en liten og glissen Bergfrue, og står oppført som nær truet (NT) på rødlista.

7d-9853

Til slutt en orkide som fremdeles er forholdsvis vanlig, men som har vist sterk tilbakegang og som derfor også er oppført som nær truet (NT) på rødlista. Det er Brudespore (Gymnadenia conopsea).

7d-9740

 
Vindfullt
Flora
Skrive av Jarle Lunde   
måndag 21. juni 2010 16:35

Denne artikkelen er republisert då det viste seg at den ikkje lot seg vise i Explorer, samt sperra for alle tidligare artiklar. Eg veit ikkje kvifor, men i Firefox og Chrome var alt i orden. Takk til Atle for kommentar (denne er no sletta saman med den orginale artikkelen).

120610_0027_ja_lun-34

Desse bilda fortel litt om vêret på vestlandet for tida. Her er vind. På Utsira, vest i havet, skal det ha vore oppi liten storm . Sjølv i meir skjerma Stavanger deisa eit stort bøketre i bakken i Mosvannparken.

No har ikkje vinden gjort så mykje av seg i indre strøk, men å leggje seg ned i blomsterenga for å få klassisk skarpe nærbilder har ikkje vært aktuelt.

Bilda av hundekjeks blei tatt på Foldøy sist helg. Å vise at vinden røska i planta var hensikta her.

Øvst: Nikon D300s, Nikkor 17-55mm/2,8 ved 38mm, 10 sek., F13 , 200 iso, stativ.
Nedst: Nikon D300s, Nikkor 17-55mm/2,8 ved 17mm, 6 sek., F13 , 200 iso, stativ.

120610_0027_ja_lun-27
 
Flora frå Hylsdalen
Flora
Skrive av Jarle Lunde   
laurdag 05. juni 2010 00:51

Vårmarihand, kvit

 

For ei veke sidan var eg i Hylsdalen her i Suldal for å fotografere blomster. Eit av bilda eg fikk med meg var dette av ei kvit vårmarihand. Ikkje noko vanleg syn. Elles blei det og jordbær, løvetann og diverse insekt på minnebrikka. Men det var ein ting eg la spesielt merke til, rosenrota ville stå i blom om kort tid. Og tuene såg svært så fotogene ut. Difor har eg i kveld igjen vore i dalen. Det var vanskelege lysforhold pga av den lyse himmelen. Eg valgte difor ein forsiktig bruk av hdr-teknikken. To resultat ser du nedanfor.

Rosenrot

Bekkeblom

 
Vårblomar
Flora
Skrive av Jarle Lunde   
søndag 16. mai 2010 18:11
Gjøkesyre

Tida er igjen moden for å leggje seg ned på bakken blant blomar, insekt og flått.... Det er gøy det.
Viser her nokre bilde fotografert dei siste dagane. Trur det blir mye makrobilde denne somaren.

Øvst: Gjøkesyre. Nikon D200, Nikkor 105mm, 1/60 sek., F8, 200 iso, stativ.
Midten: Løvetann ved Suldalsvatnet. Nikon D200, Nikkor 17-55mm ved 18mm, 1/1250 sek., F5, 200 iso, stativ.
Nedst: Kvitveis. Nikon D200, Sigma 100-300 ved 300mm, 1/60 sek., F5, 200 iso, blits, stativ.

Løvetann

Kvitveis

 

 

 
Fjellblomar
Flora
Skrive av Jarle Lunde   
fredag 31. juli 2009 11:23

Blåklokke

Har vore eit par dagar i Kvanndalen landskapsvernområde nord i Suldal. I 11-1200 meters høgde ligg eit lag fyllitt som gjer at her er rikt med planter. I sørvendte lier står dei; fjellsmelle, bergfrue,  skogstorkenebb, rosenrot, småsmelle, taggbregne og mange fleire. Sjølv raudsildra kunne ein ennå finne i blom, ein art som normalt viser seg frå si flottaste side så snart snøen forsvinn.

Her er tre bilde frå turen.

Øvst: Blåklokke. Nikon D200, Tamron 90mm, 1/1000 sek., F2,5, 320 iso, stativ.
Midten: Tiriltunge. Nikon D200, Sigma 10-20mm ved 20mm, 1/250 sek., F8, 200 iso, kamera på bakken.
Nedst: Rosenrot. Nikon D200, Sigma 10-20mm ved 20mm, 1/60 sek., F10, 200 iso, frihand.

Tiriltunge

Rosenrot

 
<< Start < Førre 1 2 Neste > Siste >>

Side 1 av 2

Vår bloggliste

Under finn du dei ti siste artiklane frå våre 20 utvalde fotografar/nettstader: