Tiurleik

Eg har opplevd spelande tiur før, men eigentleg ikkje ein skikkeleg leik. Det har eg no. 17 timar blei det i kamuflasjeteltet, storfuglane gav seg ikkje før 13.30. Då hadde tre tiurar alle utfordra "kongen på haugen", sjefstiuren, utan å lykkast. 7-8 røyer hadde alle lagt seg "langflate" i håp om å få overstått paring. Tre av dei klarte det. Og i kamuflasjen blei det brukt mange megabyte, utan at fuglane ante noko om det. Her er nokre bilde frå den livlege formiddagen.

































