|
Diverse
|
|
Skrive av Kjetil Brekke
|
|
måndag 30. juli 2007 01:00 |
|
Vatn har alltid fascinert meg. Frå eg var så liten som eg kan hugse har eg alltid vore tiltrekt av det. Ja, begge gongene i oppveksten mor mi klaska te meg på baken var grunna ulovleg opphald ved sjøen heime på Karmøy. Den eine gongen kom eg heim med 25 krabbar eg og ein kamerat hadde fiska med håndsnøre. 25 krabbar med håndsnøre tar si tid, så det var ikkje rart eg låg tynt an då eg endeleg fekk heimvet. Krabbane turde eg forresten ikkje ta med inn ein gong..
Det var ikkje berre krabbar eg fiska. Alt som symde under båtane i hamna var av interesse. Sidan fekk eg min debut som laksefiskar i bekken. Den fysste laksen vog 1,3 kg og tok på makk i bekkeosen. Vakrare fisk finns ikkje! Sidan blei det elvefiske i Etne. Flogefiske overtok meir og meir. Eg er ein lakseflogefiskar. Ein som er glad i både laksen og vatnet. Kvar elv har sin eigen rytme. Suldalslågen er tung og glatt. Vatnet vil fram og lar seg ikkje stogge av noko. Lågen er vanskelig å fiske, ein treng tid for å finne ut av det. Etne er enklare. Meir avgrensa hølar, lettare å lesa kor fisken står men det er ikkje enkelt å få fisk der heller. Til det er ho for klår. Vikedal er beskjeden. Somme tider er det som om vatnet der er redd for å renne i havet. Det snik seg nedover. Berre i stryka tør det ta i litt.
Bildet frå Hamrabøånå er enkelt og reint men det inneheld store spørsmål. Kor lenge har dei steinane lege akkurat der? Kor langt har dei reist nedover bekkefaret? Kor store var dei då dei starta ferda nedover? Kor er neste stoppeplass? Sånn kan eg sitje å tenke. Sjå på vatnet og la tankane gå. Nokon vil helst stire inn i eit bål for å få fart på undringa, andre sjå på stjernene. Eg vel vatnet!
|