SuldalFoto.no

 
  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Ny bok: "Det brøler i hjortelia"
.

Heim - Blogg - Diverse - Filmdokumentar om Lingvong
Filmdokumentar om Lingvong
Diverse
Skrive av Jarle Lunde   
søndag 11. april 2010 09:20
LingvongfilmenEtter mange år med strid vedtok Stortinget i 2003 ei halv vasskraftutbygging i Sauda. Lingvongselva, som vart rekna for å vere vassdraget med størst naturverdiar, var ei av fleire som vart innlemma i utbygginga.

Suldal kommune har fått laga ein naturdokumentar som viser korleis Lingvongvassdraget var før det blei regulert. Den fråflytta, me restaurerte garden Lingvong får og merksemd.

Manus og regi er av Ole Jakob Vorraa. Vorraa er medlem i Norske Naturfotogafer og jobbar bl a for naturredaksjonen i NRK. Du såg kanskje filmen om Hubro forrige helg?

Som redaktør for Miljøstatus i Suldal har eg gleden av gjere filmen om Lingvong tilgjengleg på Internett.  Filmen som er på 27 minutt ser du her.  

Ønskjer du heller å sjå, oppleva og fotografera fossen og vassdraget før vatnet forsvinn inn i fjellet? Då har du det travelt, ryktet sier at Elkem er klar til å overføre vatnet om ca ein månad, 2-3 år forsinka. Bildet nedanfor tok eg i fjor.

Lingvongsfossen før regulering.
Lingvongsfossen

 

 

Vår bloggliste

Under finn du dei ti siste artiklane frå våre 20 utvalde fotografar/nettstader: