|
Diverse
|
|
Skrive av Jarle Lunde
|
|
onsdag 28. desember 2011 12:52 |
|
 Eg deltar i ein og annan fotokonkurranse. Av og til blir det premie også. I haust sende eg inn bilde til Polarbrød sin fotokonkurranse som gikk føre seg i perioden august til desember. Eit av bilda mine blei plukka ut som vekesvinnar og gikk dermed vidare til finalerunden. Premien der var ikkje mindre enn eit gåvekort pålydande 25 000,- hjå Sport1. Og eg vann! Kjempemoro.
Her er kommentarane frå den svenske juryen: * Annorlunda bildidé och situation * Fyndig rubrik på bilden "Kald mat är god mat" - kopplar på ett kul sätt till vår färskhållningsmetod - att frysa vårt bröd för att hålla det färskt. * Stämmer överens med 71 grader Nord - det är en verklig utmaning och ett äventyr (extrem situation) som de verkar vara ute på! * Vad passar bäst i en sån här situation? - Jo, en varm kopp choklad och en god Polarbrödsmacka! |
|
Diverse
|
|
Skrive av Vidar Lunde
|
|
laurdag 19. februar 2011 23:35 |
|

Flere tusen mennesker har realisert drømmen om ei hytte i Suldal, og det vert jobba for at drømmen skal bli virkelig for enda flere, skriver Suldalsposten i et spesialnummer for hyttebygging i uka som var. Når tema dreier seg om hyttebygging handler det helst om økonomi, både for utbygger, grunneiger og kommunen. Bare ytterst sjelden kommer bevaring av natur og biologisk mangfold på dagsorden, men sannheten er at all den hyttebygginga som skjer i dag er en stor trussel mot det biologiske mangfoldet. Og med den nye biomangfoldloven som kom i 2010 skal det bli spennende å se om utbyggingstakten kanskje kan bli noe redusert.? I alle fall skrev jeg en artikkel om emnet i det nevnte spesialnummeret av Suldalsposten. Dersom du er interessert kan du lese artikkelen her. |
|
Filmdokumentar om Lingvong |
|
Diverse
|
|
Skrive av Jarle Lunde
|
|
søndag 11. april 2010 09:20 |
Etter mange år med strid vedtok Stortinget i 2003 ei halv vasskraftutbygging i Sauda. Lingvongselva, som vart rekna for å vere vassdraget med størst naturverdiar, var ei av fleire som vart innlemma i utbygginga.
Suldal kommune har fått laga ein naturdokumentar som viser korleis Lingvongvassdraget var før det blei regulert. Den fråflytta, me restaurerte garden Lingvong får og merksemd.
Manus og regi er av Ole Jakob Vorraa. Vorraa er medlem i Norske Naturfotogafer og jobbar bl a for naturredaksjonen i NRK. Du såg kanskje filmen om Hubro forrige helg?
Som redaktør for Miljøstatus i Suldal har eg gleden av gjere filmen om Lingvong tilgjengleg på Internett. Filmen som er på 27 minutt ser du her.
Ønskjer du heller å sjå, oppleva og fotografera fossen og vassdraget før vatnet forsvinn inn i fjellet? Då har du det travelt, ryktet sier at Elkem er klar til å overføre vatnet om ca ein månad, 2-3 år forsinka. Bildet nedanfor tok eg i fjor.
Lingvongsfossen
|
|
Diverse
|
|
Skrive av Jarle Lunde
|
|
fredag 22. januar 2010 01:59 |
|
I dag låg "Natur & Foto" i postkassa. Nytt norsk fotomagasin der det gode bilde og den gode naturopplevinga skal stå i fokus. Og eg vågar meg på ein rask konklusjon utan noko meir omtale av innhaldet. Dette held i massevis. Gratulerer til redaksjon og alle som er glade i natur og foto. For dei som ikkje allereie får bladet i postkassa er det berre å finne vegen til Narvesen.
http://naturogfoto.no/
Legg ved eit bilde av rødstrupe eg tok forleden. Nikon D200, 100-300mm ved 300, f/4, 1/90sek, ISO320, stativ.

|
|
Fotokonkurranse og "Vilt vakkert vær" |
|
Diverse
|
|
Skrive av Jarle Lunde
|
|
tysdag 15. desember 2009 10:37 |
Denne boka ligg nok under mange juletre i år. Nordmenn er som kjent opptatt av vêret. Tekstane omhandlar ulike vêrfenomen som lavtrykk, skyer, lyn, fargar, nordlys, vêrtegn, turvêr med meir. Forfattarane ønskjer å gi lesaren ny kunnskap om vêret. For som redaktør Siri Kalvik skriv: "Jo mer du kan om været, dess mer vil det forundre deg og gi deg glede".
Det spesielle med boka er at utgangspunktet er ein fotokonkurranse. Storm og TV2 har kvar dag sidan starten i 2004 gitt fotoglade tv-tittarar ulike vêrtema å bryne seg på. Kvar kveld har så meteorologane, etter å ha presentert det kommande vêret, vist oss dagens vinnande vêrbilde. Og det er eit utval av dei beste som er nytta i denne boka.
Bilda har fått god plass og er av høg kvalitet slik eg ser det. Boka er ein hyllest til vêret og dermed til norsk natur. Her er mykje landskapsbilde, men og skildringar av vêret gjennom t.d. flora og folks kvardagsliv.
Boka kan samanliknast med dei mange praktbøkene som omhandlar norsk natur eller naturfoto. Det spesielle her er at det ikkje står NN (Norske naturfotografar), Biofoto eller Samfoto bak namnet til fotografen. Riktig nok kjenner me igjen fotografar som bl a Jan Magnus Reneflot, Stig Tronvold og Helge Sunde. Dette er anerkjende og prisvinnande fotografar som har vist gode vêrbilde i bøker, kalendrar og magasin i mange år. I all hovudsak er dei aller fleste vêrfotografane likevel ukjende. Dette viser at konkurransen famnar bredt. I boka blir det da også oppgitt at juryen har vurdert 320 000 bilde på desse åra. Rekorden innsendte bilde på ein dag er 1500. Imponerande.
Bildet under var eit vinnarbilde i februar i år og er mitt bidrag i boka. Boka er redigert av Siri Kalvik og utgitt av Cappelen Damm.
Meir om konkurransen (Storm). Meir om boka (Cappelen Damm).

|
|
Diverse
|
|
Skrive av Vidar Lunde
|
|
måndag 06. april 2009 21:51 |
|

Førstkommende onsdag blir det foredrag for innfødte og hyttefolk i Vadla i Jøsenfjorden. Der skal jeg vise bilder og snakke om hjortens liv gjennom et år. Hjortebestanden er jo stadig i vekst, og mange steder er den blitt for stor! I Suldal kommune ble det felt 388 dyr høsten 2008, mot 277 året før. Det er en ganske stor økning selv om det var 14 dager lengre jakt i 2008. Det er nå snakk om å senke arealkravet for å felle hjort, som igjen betyr at det blir økte fellingskvoter. Det er viktig å holde bestanden på et fornuftig nivå slik at bøndene ikke taper alt for mye beite til sine husdyr, at hjortebestanden ikke vil redusere det biologiske mangfoldet og at det ikke blir for mange trafikkskader!
Jeg holder foredrag om både hjort og andre ting med ujevne mellomrom. Du kan lese mer om det ved å gå inn på "Vidar Lunde" og så til "Foredrag". Dersom du vil jeg skal holde foredrag i ditt distrikt er det bare å ta kontakt. |
|
Relansering av Gullingen.no |
|
Diverse
|
|
Skrive av Jarle Lunde
|
|
fredag 30. januar 2009 01:00 |
|

Som webredaktør kunne eg denne veka relansere gullingen.no i ein ny, ryddigare og meir praktisk utgåve. Dei gamle nettsidene, laga med Frontpage, var blitt 9 år og var både tungvinte og lite fleksible etter dagens krav. Nye "gullingen.no" er som "SuldalFoto.no" laga med publiseringsverktøyet Joomla. Dette er eit av dei mest utbredte publiseringsverktøya i verda og svært brukervennleg.
Utover året vil nettsida bli utvida med bildespel/video, det vert fleire artiklar frå området, og me håpar òg å få laga nokre digitale naturstiar. Så får me håpa at dei mange brukarane (60 000 besøk i 2008) vert nøgde.
Ta ein kikk. |
|
Diverse
|
|
Skrive av Jarle Lunde
|
|
søndag 07. september 2008 08:54 |
|

I samband med eit programinnslag med underteikna i ”Naturens verden” på P1, har NRK fått tilgong på nokre bilde og sett saman eit galleri: ”Vakre Suldal”. Galleriet er på 20 bilde og du finn det her.
I radioinnslaget tek Tommy Haugen og eg med reportar Helge Søfteland med på ein minileirskule på Gullingen: Kvar kjem namnet Gullingen i frå? Korleis klarer elevane seg i naturen? Og ikkje minst: Klarer ein villmarking frå Suldal å få fyr på bålet med ei fyrstikk?
Programmet kan du laste ned her (podkast).
|
|
Diverse
|
|
Skrive av Jarle Lunde
|
|
onsdag 06. august 2008 01:00 |
|

Vêrmessig har vel sommaren vore på det jevne. Sol og varme har me hatt, men jammen har det blitt nokre våte og gråe dagar og. Når eg kom heim med dette bildet på minnebrikka, var det meir enn fjellsvevene som var våte. Fotosekken måtte hengast til tørk og fotoutstyret måtte og tørkast litt. Bildet blei tatt med D200, 90mm, stativ og....., paraply! |
|
Diverse
|
|
Skrive av Kjetil Brekke
|
|
måndag 30. juli 2007 01:00 |
|
Vatn har alltid fascinert meg. Frå eg var så liten som eg kan hugse har eg alltid vore tiltrekt av det. Ja, begge gongene i oppveksten mor mi klaska te meg på baken var grunna ulovleg opphald ved sjøen heime på Karmøy. Den eine gongen kom eg heim med 25 krabbar eg og ein kamerat hadde fiska med håndsnøre. 25 krabbar med håndsnøre tar si tid, så det var ikkje rart eg låg tynt an då eg endeleg fekk heimvet. Krabbane turde eg forresten ikkje ta med inn ein gong..
|
|
Les meir…
|
|
|
Suldalslågen, ei nasjonal lakseelv |
|
Diverse
|
|
Skrive av Kjetil Brekke
|
|
laurdag 16. desember 2006 01:00 |

I dag har regjeringa lagt fram Stortingsproposisjon nr 32, Om vern av villaksen og ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og laksefjorder. Suldalslågen er foreslått som nasjonalt laksevassdrag og Sandsfjorden som nasjonal laksefjord. Hurra? Tvilsamt. Det meste er som før men joda, tittelen er flott...
Dette biletet er frå årets laksesesong. Det var tett mellom laksane som sprang i fossen i år og fangstane var gode. Mykje mellomlaks betyr normalt bra med storlaks året etter. Så det er berre å starte nedteljinga folkens. For det er ikkje meir enn sju månadar igjen til start...
|
|
|
|
|
|